Eg lappa meg til blods
Hurtigbuffer av innholdet på http://goddag.wordpress.com/2007/05/31/eg-lappa-meg-til-blods/
EG KOM UT, var ferdig på jobb og gjekk mot sykkelen. Førre dagen eg hadde kome slik hadde eg sett meg på sykkelen og trilla avgarde medan bakdekket klappa saman under meg; det hadde vore punktert, og eg hadde måtta teke bussen med sykkel. Det kosta ekstra pengar, noko som er surt for ein gniar som meg.
EG HADDE MÅTTA LAPPE dekket sjølv, og var framleis oppskaka over heile opplevinga, så blikket mitt søkte naturleg nok umiddelbart mot bakdekket for å forsikre meg om at det var i orden. Det såg flatt ut - var det flatt? Eg huka meg ned og tok på det - jau, det var flatt. Sitjande ved sykkelen såg eg rundt meg. Først eine vegen, så den andre, og attende. Dreiv nokon gjøn med meg? Trakka eg nokon på tærne ved å parkere her?
FEBRILSK LUFTPUMPING nytta ikkje - det var eit vesentleg hol på slangen, og eg fekk ikkje nok trykk i han til at det tetna. Eg gjorde ei kjapp vurdering - det var femti minutt til neste buss gjekk - det måtte lappast. Her og no.
LAPPESAKENE kom fram frå ryggsekken, eg tok av hjulet og vrengte dekket av felgen med eit av verktøya på den sveitsiske MacGyver-lommekniven min, som eg faktisk kjøpte i Noreg av di eg skulle på teltferie til Sveits - ironisk nok skulle eg oppdage at desse lommeknivane er det einaste som er billegare i Sveits enn i Noreg, og det ikkje så reint lite heller. Vel, nok om det - eg var i alle høve ganske bad-ass.
HOLET I SLANGEN var av same type som det frå i forgårs; på innsida av slangen - den som ligg mot felgen. Eg er vant til å finne meg i mykje løye i samband med sykling, men det er då merkeleg at slike hol kan oppstå to dagar på rad under same føresetnader etter at eg har sykla dette strekket i snart ein månad på same sykkelen.
LAPPINGA VAR RÅ OG SLURVETE, og medan eg balte med å få slangen på plass dropla det brått blod på slangen. Eg er skoten, tenkte eg og tok meg til brystet - i augneblinken held eg på å lese No country for old men, og er litt oppskaka når det gjeld blod og skytevåpen - men det var altså ikkje noko slikt som hadde skjedd denne gongen. Eg hadde jo ikkje hørt noko skot og kunne heller ikkje sjå nokon sykkelmafia i nærleiken. Det var fingrane mine som blødde. Slangen i bakdekket mitt har eg no altså lappa med mitt eige blod. Eg kunne nesten glidd inn i ein roman av Cormac McCarthy.
Dette stykket ble bøff(r)et fra http://goddag.wordpress.com/2007/05/31/eg-lappa-meg-til-blods/ torsdag 31 mai, 2007 klokken 23:17 EST. Se det orginale blogginnlegget i bloggen God dag, verd! for orginal sammenheng og kommentarer.
Tagger: Litteratur, Meg, sykkel.


